Tema: grovfôr
Fornying

Avlingstap i attlegg og avlingsauke i eng

Me fornyar enga for at avlinga skal verta større og ha betre kvalitet. Omlaupslengden er ein balanse mellom meir avling/kvalitet og kostnadar ved fornying.

Åsmund Mikalsen Kvifte

Forskar i Nibio

Ievina Sturite

Forsker i Nibio

Fornying av 6-årig omlaup i 2023.

Foto: Åsmund Mikalsen Kvifte

I rein engdyrking er omlaupet perioden frå fornying til fornying. Er omlaupet for langt, vil ein gå glipp av den meir-avlinga og meir-kvaliteten me får frå ung eng. Er omlaupet for stutt, vil dei auka kostnadene til diesel, frø og utstyr kosta meir enn det smakar.

Kostnader til fornying

NLR i Vestland og Møre og Romsdal kom med eit hefte i 2018, «Fornying av eng - Metodar og utstyr til jordarbeiding og såing». Her anslår dei at fornyinga kosta kring 1 200-1 500 kr/dekar for pløying og attlegg, ved sjølvkost for reiskap og tid. Med forenkla jordarbeiding eller direktesåing går kostnadene ned, men uansett metode har prisane auka sidan den gong.

Det er veldig forskjellig kor ofte enga på Vestlandet blir fornya. Dette speglar nok både skilnader i korleis ein ynskjer å driva, og skilnader i kva klima og jordsmonn legg til rette for.

Omlaupsfeltet på Fureneset

NIBIO har tre langvarige felt der me ser på effekten av ulik omlaupstid, gjødsling og vedlikehaldssåing. Desse ligg på Fureneset (Sunnfjord, frå 1974), Særheim (Jæren, frå 1968) og Svanhovd (Finnmark, frå 1968). Her viser me korleis den siste fornyinga på Fureneset har påverka avling, nitrogen- og fosforutbytte, særleg frå fornyingsåret 2017 og til og med 2022.

Store delar av feltet på Fureneset vart fornya i 2017: Delar av feltforsøket har seksårig omlaup, delar har tolvårig omlaup medan resten skal liggja på ubestemt tid. Noko eng frå 1974 fekk liggja i fred, og noko eng frå 1992 blei fornya med direktesåing. Frøblandinga er tilpassa omlaupstida, men dei fleste har hatt nok raigras til at det er vorte dominerande. Det er testa ulike gjødselnivå, men me viser dei samla her. Det er eit treslåttsfelt, men i 2022 og 2024 spelte ikkje vêret på lag. Det var for våte år til å taka meir enn to slåttar, og det gjekk ut over avlinga.

Fornyinga gjev meir og betre avling

Tabell 1: Årleg avling og samla avling frå og med fornyingsåret (kg tørrstoff/dekar) på fornya eng og gamal eng. Der den samla avlinga frå fornya eller gamal eng er sikkert større enn hin, er ho utheva.

Fornya eng

Gamal eng

År

Fosfor-avling

Fosfor-avling sidan fornyingsåret

Fosfor-avling

Fosfor-avling sidan fornyingsåret

2017

0,8

0,8

2,6

2,6

2018

2,6

3,4

2,2

4,7

2019

3,0

6,3

2,3

7,0

2020

2,6

8,8

2,3

9,3

2021

2,8

11,6

2,5

11,7

2022

2,2

13,8

2,0

13,8

Tabell 2: Årleg fosforavling og samla fosforavling frå og med fornyingsåret (kg fosfor/ dekar) på fornya eng og gamal eng. Der den samla avlinga frå fornya eller gamal eng er sikkert større enn hin, er ho utheva.

Fornya eng

Gamal eng

År

Fôreiningsavling

Fôreiningsavling sidan fornyingsåret

Fôreiningsavling

Fôreiningsavling sidan fornyingsåret

2017

287

287

746

746

2018

903

1191

713

1459

2019

1003

2194

740

2199

2020

997

3191

823

3022

2021

961

4152

802

3823

2022

786

4938

713

4536

Tabell 3: Årleg fôreinings og samla fôreingsavling frå og med fornyingsåret (FEm/dekar) på fornya eng og gamal eng. Der den samla avlinga frå fornya eller gamal eng er sikkert større enn hin, er ho utheva.

Fornya eng

Gamal eng

År

Fôreiningsavling

Fôreiningsavling sidan fornyingsåret

Fôreiningsavling

Fôreiningsavling sidan fornyingsåret

2017

287

287

746

746

2018

903

1191

713

1459

2019

1003

2194

740

2199

2020

997

3191

823

3022

2021

961

4152

802

3823

2022

786

4938

713

4536

Resultatet av engfornying er som venta: I fornyingsåret fekk me berre teke ein liten slått, men i åra etter vart avlingane større (tabell 1). Dette gjer at me òg får henta meir råprotein og meir fosfor frå den fornya enga. I tredje engår gjorde meiravlinga frå fornya ruter opp for avlingstapet i fornyingsåret, og den totale avlinga frå og med fornyingsåret vart om lag lik med gamal eng. I fjerde engår gjekk dei fornya rutene forbi.

Fosforavlinga var tydeleg større på fornya enn på gamal eng dei fire fyrste engåra (tabell 2). Når fosforavlingane er omtrent like store i 2022, er det vanskeleg å seia om dette skuldast aldring i den fornya enga, eller om det skuldast ein dårleg sumar. Dei siste to åra har fosforavlingane vore om lag like uansett alder, og det verkar soleis som om meiravlinga av fosfor utjamna seg i laupet av dei fyrste 4–5 engåra. Denne meiravlinga var nok til å kompensera for lite fosforavling i fornyingsåret, men ikkje nok til at fornyinga har ført til ein sikkert større total fosforavling. Me ser same bilete for nitrogen og råproteinavling som for fosfor. Det var ei betre utnytting av nitrogen- gjødsla på fornya enn gamal eng dei fyrste to engåra, men etter det har det ikkje vore sikre skilnader. Fornya eng tok att den gamle enga i total råprotein-avling ganske tidleg, men har ikkje gått forbi (ikkje vist i tabell).

«fornyingsåret fekk me berre teke ein liten slått, men i åra etter vart avlingane større»

Meiravling alt frå tredje engår

Dronebilete frå 8. mai i fjor.

Fotograf er Egil Furene

Me har hausta fleire fôreiningar og meir fordøyeleg tørrstoff på den fornya enga i kvar slått sidan fornyingsåret (tabell 3). Denne effekten var større enn effekten på avling. Difor har me sikker meiravling frå fornya eng alt i tredje engår, og skilnaden er berre vorten større sidan dess.

Sterkare gjødsling har gjeve større avlingar både med og utan fornying, og det ser ikkje ut til å ha vore sterkare gjødslingsrespons i fornya enn i gamal eng. Avlingstala syner at me truleg ikkje tek ut heile avlingspotensialet, og viser difor kor mykje me kan hausta ved relativt moderate gjødslingsnivå.

Kastar det nok av seg?

Registreringar til fyrstlåtten på omlaupsfeltet i 2022. Ievina Sturite lengst framme.

Foto: Synnøve Rivedal

Fornying har gjeve varig avlingsauke. Det har vore snakk om kring 400 fôreiningar totalt mellom 2017 og 2022. I 2018 rekna NLR med at ein i eit sjuårig omlaup måtte få ei meiravling på 40–70 fôreiningar per år, for at fornyinga skulle kasta av seg. Det har me klart, og det vert gunstigare om ein klara å få avlingsauken med billegare fornyingsmetodar og redusert jordarbeiding.

Diverre har me ikkje fått ei sikker meiravling av fosfor over seks år, og fornying ser difor ikkje ut til å hjelpa oss å nå strengare fosforkrav i seg sjølv. Men ved å hausta meir og betre grovfôr, kan det vera mogleg å redusera kor mykje kraftfôr ein kjøper inn – og med det reduserer ein fosforimporten på garden. Soleis er ikkje engfornying nok åleine, men yngre enger kan gjera det enklare å leva opp til det nye fosforregelverket.

Fleire omsyn å ta i praktisk landbruk

Vedlikehaldssåing i 2023. Me kom truleg for seint i gang med vedlikehaldssåinga det året, men sånn vart det.

Foto: Åsmund Mikalsen Kvifte.

Meiravlinga av fornying vert nok større i forsøket enn i røynda, av di me samanliknar eng fornya i 2017 med gamal eng frå 1974. På den andre sida, trur me at den gamle enga på Fureneset har vore mindre utsett for tunge maskinar og jordpakking enn det mange enger er i praksis. Jordpakkinga gjer at kvaliteten fell fortare, og det tek færre år før det er lønsamt med fornying att.

Alder er heller ikkje alt, det handlar òg om kor godt ein held seg. Det er ikkje meir enn rundt 10 prosent ugras i den gamle enga, og framleis mykje godt gras att. Hadde det vore meir ugras, hadde det nok vore meir å henta på fornyinga. Det er alltid fleire omsyn i praktisk landbruk enn eit feltforsøk – sjølv eit stort forsøk som omlaupsfeltet – kan taka inn over seg. Ny eng kan kosta meir enn ho smakar, og gamal eng kan spara seg til fant.

GS-DRYPP

Hanna Retzius Storlien, Avlsforsker i Geno, hanna.storlien@geno.no

Visste du at det tar 4-8 uker å få GS-resultater etter at Biobank har mottatt prøven? I praksis ser vi at det i gjennomsnitt tar kortere tid enn 4 uker. Svartid på 8 uker har tatt høyde for at prøven feiler i genotypingen en gang og må genotypes på nytt. Unntaket er om det ikke er mulig å få resultat fra ørevevsprøven som er sendt og at det må sendes ut nytt prøveutstyr. I slike tilfeller må produsenten ta ut en ny prøve og sende inn til Biobank for et nytt forsøk. Ett ekstra sett med prøveutstyr er dekket i prisen produsenten betaler for genotypingen.